Frykt og grådighet

Tillater meg å henlede oppmerksomheten på Alf Skjeseths side 2 kommentar i Klassekampen i går.  Som tar utgangspunkt i Skyggeland.

Skjeseth er mangeårig journalist i KK og NTB, i tillegg er han tidligere leder av NJ, og har vært ute i krigen et par ganger.  Han har også skrevet historien om Klassekampen i boka «Sykle på vatnet«. Det overraskende med Skjeseths kommentar er spranget han gjør fra den rå privatkapitalismen man møter i Skyggeland til den minst like kyniske statskapitalismen vi finner i Norge. Avstanden er ikke så stor. Dessuten er jo både Hydro og Telenor friskt omtalt i Skyggeland

 

 

 

 

 

Her er kommentaren i sin helhet:

«Alle drives de av det samme: Frykt og grådighet».

Slik sluttar omslagsteksten på journalist Bjørn Olav Nordahls pageturner av året, spenningsromanen «Skyggeland». Den handlar om ulovleg pengeflytting, innsidehandel, aksjespekulasjon, tvilsame finanstransaksjonar, svimlande rikdom, brutal vald og machokultur.

Nordahl auser av kunnskap frå mange år som gravejournalist i Dagens Næringsliv. Sjølv er han ein sjeldan plante i si sjølvsentrerte yrkesgruppe – den kristne fråhaldsmannen og meisterkokken frå Mjøndalen, ein prislønt møkkagraver som skyr journalistkonferansane, ein veltrent skiløpar som skyr turrenn, ein militant aktivist i fagforeininga når det trengst.

Denne veka var Nordahl gjest i NRKs «Sommeråpent», saman med Ole Aunaas. Aunaas er ein avhoppa storaktør på den gråsvarte finansmarknaden, som har gått frå å vera steinrik til no å vera nedsylta i gjeld. Innsidekunnskapen var avgjerande for at Nordahl kunne teikne kart over den kompliserte finansjungelen.

Men ein går ikkje risikofritt ut med informasjon om slikt. Nordahl har i sitt journalistiske virke vore utsett for ein jamn straum av trugsmål og press. Og noko av det første som skjedde då boka låg føre på forsommaren, var at Aunaas fekk kjeven knust då han skulle møte kjente frå finansmiljøet for å signere boka.

Boka er fiksjon, men handlar om ein barsk røyndom. Politiet er med på heltesida i romanen, saman med eit journalistpar der eine halvparten er ein syltynt kamuflert versjon av Nordahl sjølv. Mykje av den vanvitige privatrikdommen skriv seg frå halv- eller heilkriminelle forhold.

Men andre delar av den vanvitige privatrikdommen skriv seg frå fullt lovleg, statslisensiert verksemd – til dømes som direktør i store selskap der staten er hovudeigar.

Statoils toppsjef Helge Lund, som med bonusordningar tener rundt 12 millionar i året og er sikra eit ukjent tal millionar i pensjon, vart i samband med oljestreiken spurt kvifor slike som han skal ha så mykje betre pensjonsordningar enn dei som pumpar opp olja. Han svarte så oppsiktsvekkjande slett for seg at ein – reint forbigåande – kunne få eit stikk av medkjensle med mannen.

I den akk, så lange føljetongen med nedturar etter sju år med raudgrøn regjering, vil sentrale avsnitt handle om statleg eigarskap.

Måndag hadde næringsminister Trond Giske (Ap) sommarpressekonferanse. Der sa han at vi «ikke lykkes godt nok» i arbeidet med å følgje opp Stortingets intensjonar om moderate leiarlønstillegg i statlege og delstatlege selskap. Leiarlønningane i statlege verksemder held fram med å rase oppover, minst i same takt som i privat sektor.

Det er sikkert ikkje lett å vera næringsminister, men dette kunne Giske gjort noko med om han ville.

I staden for å innkalle styreleiarane til venlege appeller, kunne Giske og departementet sagt – på ein måte som ikkje er til å misforstå – at alle styreleiarar og statleg innsette styremedlemer som medverkar til brot med regjeringas leiarlønspolitikk i sine styre, vil bli skifta ut på timen.

Vanlege menneske som klarer seg bra på ein halv million eller mindre i året, lurer på kvifor folk som tener fire millionar absolutt må tene fem.

Svaret er, som i miljøet Nordahl skildrar, frykt og grådigheit. Direktørsjiktet treng ikkje meir pengar, men kven vil stå att på perrongen, og signalisere at ein er mindre verdt enn andre i tilsvarande stillingar?

Denne galoppen kunne Giske stanse, men han gjer ikkje noko med det, han heller. Aktiv stat, liksom.

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s